Gullkorn og ekte perler frå bibelundervisninga til Sigurd Sørhus
Sigurd Sørhus vart fødd i Vats i Ryfylke 25.10.23. Som ung utdanna han seg til misjonsprest ved Misjonshøgskolen i Stavanger.
Fram til 1964 arbeidde han i fleire periodar på Madagaskar saman med familien sin, utsend av Det Norske Misjonsselskap. Seinare vart han sokneprest i Fjelberg, og hadde denne stillinga i åtte år til han såg at spebarnsdåp ikkje er bibelsk, men at dåpen er ei personleg pakt mellom Gud og kvart enkelt menneske.
I 1973 lot han seg difor døype med neddykkings - dåp i Sarons Dal. Dette førte til at han forlet Kyrkja Den Norske, og vart i 1977 ansatt hos Aril Edvardsen som fast lærar ved Troens Bevis Bibel- & Misjonsinstitutt i Sarons Dal. Der vart han etter kvart redaktør for bladet Troens Bevis til han døydde av kreft 15.02.92.
Sigurd Sørhus var ein av dei fyrste prestane her i landet som opna seg for den karismatiske vekkelsen. Han nådde langt med si forkynning, ikkje minst som skribent. Han skreiv fleire bøker og fleire artiklar i Troens Bevis der han òg hadde ei fast spalte - ”Til ettertanke”.
Ein del av det som han skreiv kan du finna i lekkjene "Kristen dåp", "Til ettertanke" og "Grunntekst Ord" på denne sida.
Nyeste kommentarer